Ute – på sjø og vatn
Torsdagspadling:)
Frå april til oktober organiserer vi havpadletrening ute.
• Vi held oss i skjerma og kjende område.
• Klubben stiller med ein til to personar som ansvarlege.
• Det er inga påmelding. Det er berre å møte opp.
→ treningane blir alltid tilpassa deltakarane sitt ferdigheitsnivå
→ og treningsgruppa bestemmer innhaldet på treninga/turen.
• På treningane kan medlemmane bruke klubben sine kajakkar gratis.
⇒ Møteplass: Ved naustet – Sjå kart over kor det er her
⇒ Treningstider 2021: Torsdagar kl. 18.00 + 2 – 3 timar
(oppmøte litt før så du er klar kl. 18)
Turprogram for 2022; sjå framsida.
⇒ Ferdigheitsnivå: Deltakarane må minimum ha vore med på Intro-kurs, eller vere på tilsvarande nivå.
⇒ Prisar: Sjekk prislista