PADLING I SPEKTAKULÆR NATUR

All turane har trivsel i botnen, så uansett kva nivå du er på, så vil DU kunne føle deg heime i Sunnfjord Kajakklubb.
Vi legg stor vekt på at aktivitetane våre skal vere utan prestasjonspress og jag.
 ⇒   Vi tilpassar padlinga til dei som er med.

Kalender

I aktivitetskalenderen på framsida, finn du informasjon over aktuelle turar.

Turgruppa – organiserer turar for alle

• Den har som oppgåve å foreslå turar som skal vere klubbturar.
• Dei er svært lydhøyre overfor forslag til aktuelle turmål.
• Uansett kva padlenivå du er på, set vi stor pris på om du gjer oss kjende med det du meiner vil vere ein flott tur.
• Og kanskje du veit om eller du rår over, ei hytte som ligg nær sjø eller vatn, og som kan eigne seg som base for ein tur. Merk deg at sjølv om du kan vere kjentperson på ein tur, så treng du ikkje vere ansvarsperson for turen.
 ⇒   Ta gjerne kontakt med kontakten i turgruppa!!

Forslag til pakkeliste – inkludert sikkerheitsutstyr

At du har med deg rett og nok utstyr på padleturen, vil vere ein viktig faktor for at turen skal bli ei god oppleving.
 ⇒   Forslag til pakkeliste finn du her.

Sjå kva du treng av kompetanse og erfaring

For å ta i vare tryggleiken, og for å sikre at turane blir ein god opplevelse, legg vi vekt på at deltakarane har kompetanse og erfaring som står i forhold til den aktuelle turen.
 ⇒   Les kva du treng for å vere med på ulike aktivitetar, her.

Elvepadling

SKK satsar på elvepadling og her er mange elvepadlarar i distriktet, men vi/dei har ikkje nokon fast aktivitet. Dei som er aktive avtalar innbyrdes når dei skal på elva. Difor er det viktig at om du ynskjer å padle elv, tar kontakt med kontaktperson i klubben.

Elveførar for Sogn og Fjordane

Laga av Ronny Løland.
I den finn du info om elvepadling i Sogn og Fjordane