Teknikk-kurs og aktivitetsleiarkurs i havpadling
/i Aktuelt/av runeKurshaldar vert Eivind Aadland frå SogndaL. Teknikkurs: 12.-13. september i Florø. Aktivitetsleiarkurs: 3.-4. oktober på Bulandet (klubbtur) eller i slutten av oktober/november (kan avtalast seinare).
Klubbtur til Svanøya 21.-23. august
/i Aktuelt/av runeKlubbtur til Svanøya med overnatting i privathus. 21- 23 august. Turen passar for deg som har noko erfaring med padling.
Kompetanse/Ferdigheitsnivå:
For å vere med på turen må du ha grunnkurs i havpadling eller tilsvarande. Vi skal padle frå Flokenes og over til sørsida på Svanøya, så om mykje vind, er det ein fordel at du har ei viss erfaring. Vi legg opp til turar i nærområdet alt etter ver, vind og ferdigheitsnivå.
Reise:
Oppmøte ved naustet fredag kl. 17.00. Vi organiserer oss slik at vi køyrer færrast mogleg bilar. Vi køyrer til Flokenes (ca 45 min). På Flokenes lastar vi opp i kajakkane og padlar over til Kvalstad, Svanøya. Heimreise søndag ettermiddag.
Overnatting:
Overnatting i privathus på Kvalstad, sørsida av Øya. Ta med lakenpose/laken/sovepose. Om du ynskjer å sove i telt, er det moglegheit for det.
Mat:
Alle tek med seg det dei ynskjer av mat, men laurdagen organiserar vi fellesmiddag. Det er butikk på nordsida av øya- du kan padle rundt eller spasere (5 km).
Utstyr:
-
Ta med sengesett/lakenpose/sovepose, telt om du ynskjer å overnatte ute.
-
Du kan leige kajakk/åre/spruttrekk/vest av klubben for: kr. 200,- (første til mølla)
-
Tips til pakkinga finn du her: http://sunnfjordkajakk.org/index.php?visside=15
-
Ta gjerne med fiskestang/og eller fridykkarutstyr. Flotte forhold for dykking på Svanøya!
Påmelding:
til Randi på e-post: randierdal@hotmail.com eller på tlf: 47642589
helst innan onsdag 19.august.
Hugs, å gje melding om du:
-
ynskjer å leige kajakk
-
ynskjer overnatting
-
køyrer og har høve til å transportere kajakk
-
har matallergi
Med atterhald om dårleg vêr; då kan turen bli avlyst
E-post: post@sunnfjordkajakk.no
Kontonummer: 3705.04.09490
Categories
Archive
- januar 2026
- august 2025
- mai 2025
- september 2024
- februar 2024
- november 2023
- mai 2023
- april 2023
- mars 2023
- februar 2023
- oktober 2022
- august 2022
- april 2022
- mars 2022
- desember 2021
- mai 2021
- april 2021
- juni 2020
- april 2020
- april 2019
- mai 2017
- april 2017
- mars 2017
- februar 2017
- januar 2017
- november 2016
- oktober 2016
- september 2016
- august 2016
- juni 2016
- mai 2016
- april 2016
- mars 2016
- februar 2016
- januar 2016
- november 2015
- oktober 2015
- september 2015
- august 2015
- juni 2015
- mai 2015
- april 2015
- mars 2015
- februar 2015
- november 2014

