Bevisst haldning til sikkerheit

Gjennom ei bevisst haldning til sikkerheit ved padling, ynskjer vi å få til padling der sikkerheita på ulikt vis blir tatt i vare.
Vi arbeider med å forbetre sikkerheitsrutiner for aktivitetane vi har, og vi har krav til utstyr og kompetanse til dei
som vil vere med.

I arbeidet med å førebygge skader og ulykker, og for at vi skal vere førebudde på vanskelege situasjonar,
legg vi fylgjande til grunn:

•   Vi har ein klar intensjon om å fylgje føre-var-prinsippet.
•   Vi ynskjer å bidra i arbeidet Norges Padleforbund gjere for å gjere padleaktiviteten så trygg som mogeleg.
•   Vi meiner det er viktig at rutinar for å trygge padlinga, gjennomsyrer alle aktivitetar.
•   Vi stiller krav til kompetanse og utstyr for dei som vil vere med på SKK sine aktivitetar.
•   På klubben sine aktivitetar, stiller klubben med ein ansvarleg person.

MEN UANSETT: All padling føregår på eige ansvar!

Krav til kompetanse

For å ta i vare sikkerheita, og for å sikre at padleturane blir ei god oppleving, set vi krav til kompetanse og erfaring,
avhengig kva type aktivitet det gjeld. Det går hand-i-hand med innføringa av Norges Padleforbund sitt ”Våttkort”,
som er ei sertifiseringsordning for å dokumentere nivå/kompetanse innan eigenferdigheit og leiing/instruksjon/undervisning.

Du kan lese meir om Våttkort og dei ulike kursa her.

Sunnfjord Kajakklubb set fylgjande krav til ferdigheit/kompetanse:

Havpadling

Trening
Vi held oss i skjerma og kjende område.
Ferdigheitsnivå: Intro-kurs

Dagsturar
•   Dei som blir med, bestemmer sjølv, alt etter lyst og vertilhøve, kvar ferda går.
•   Turane vil variere i lengd frå ca. tre til seks timar.
•   Turmål og lengd vil bli tilpassa alt etter kven som er med.
Ferdigheitsnivå: Grunnkurs i havpadling
Unnatak kan bli gjort om sjøtemperatur og vertilhøve tilseie at det er forsvarleg.

Overnattingsturar
•   Vi prøver å få til turar frå april til september.
•   Turane har 1-2 overnattingar, men ofte kan du velje kor mykje av turen du vil vere med på.
•   Eller du kan ta ein fottur og rett og slett slappe av i den flotte naturen vi er i på turane.
Ferdigheitsnivå: Grunnkurs i havpadling.
Viss det er nødvendig med erfaring ut over det, vil det stå i turomtalen.

Elvepadling

Ferdigheitsnivå:  Det er ingen spesielle krav, men der MÅ vere minst to personar for å kunne hjelpe kvarandre.
Cowtail og kasteline bør vere standard personutstyr.
Ved elvepadling bør ein vere fleire som padlar og sikrar kvarandre.

Sponsing av kurs

I samanheng med at vi ynskjer å styrke kompetansen i klubben, har vi vedteke å stimulere dette ved å støtte deltaking på padlekurs.

Les om dette her.

Riktig og nok utstyr

Kvar og ein må syte for å vere rett utstyr i høve til den turen ein legg ut på.

Forslag til pakkeliste for havpadleturen finn du her.

NPF informasjon om sikkerheit

Les informasjon frå Norges Padleforbund om sikkerheit her.