Visjon

Skape eit positivt miljø for samvær og trygg padling.

Mange vegar til målet

Vi ynskjer å vere like mykje ein klubb for den ferske som for den erfarne padlaren. Sentralt i arbeidet med å skape eit godt miljø, har vore å få eit eige klubbhus. Eit stort løft var difor utført, då vi hausten 2003 kunne ta i bruk det nye naustet vårt. Eit flott naust bygd på dugnad.

SKK ynskjer å . . .

•  gjere det lett for folk å starte med padling, på ein trygg måte
•  gjere det lett å finne nokon å padle med
•  organisere trening, dagsturar og overnattingsturar
•  organisere opplæring så padlinga blir ei triveleg oppleving. Og med eit ferdigheitsnivå som passar kvar enkelt
•  førebygge ulykker ved å ha fokus på tryggleik og å sette krav til ferdigheit for å vere med på aktivitetar
•  ha kajakkar og utstyr til rådvelde, så medlemmane kan drive med padling sjølv om dei ikkje har kajakk sjølv
•  at folk kan få teste ut kajakkar og utstyr, ved å prøve dei ulike typane som klubben har.
•  vere med på å spreie interessa for padling som rekreasjons- og turaktivitet
•  trekke born og ungdom til padling gjennom trygg og spanande aktivitet i Juniorgruppa
•  gi folk muligheit til å oppleve den vakre naturen vi har på fiskevatn, langs fjordane og ute ved kysten