Juniorgruppa er der for unge padlarar  – dvs t.om.  året ein fyller 17 år

Juniorgruppa vår er for born frå ca 8 år og oppover. Vi lærer barna og bli trygg i kajakk gjennom leikande treningar og fokus på å ha det moro. Vi går gjennom ulike teknikkar for å manøvrere kajakken og redde seg oppigjen i kajakken dersom ein veltar. Vi har ulike kajakktypar, både hav-, flatvatn- polo- og elvekajakkar og treningene kan variere avhengig av trenar, verforhold og ferdigheit til borna.

Vi har treninger frå naustet kvar måndag i sommarhalvåret, og i bassenget i Førdehuset kvar andre mandag resten av året. Vi har ein fast helgetur i mai, med teltovernatting, dei 2 siste åra til Laukelandsfossen i Dalsfjorden.

Barnet må kunne symje, og vi er avhengig av hjelp frå foreldre når bornet er nybyrjar og frem til bornet er sjølvstendig m.t.p. bekledning og bæring av utstyr etc. SKK sponser Introkurs for dei foreldre som vil fylgje barnet sitt på fjorden i kajakk. Gje melding til trenar ved innmelding dersom aktuelt.