SKK vil invitere til Innviingsfest

Laurdag 3. september vil Sunnfjord Kajakklubb markere at klubbhuset vårt på Ytre Øyrane har fått eit flott nytt tilbygg.
Vi inviterer dei som har sett det opp, dei som har bidrege med økonomisk støtte (Førde Kommune og Sparebankstiftinga Sogn&Fjordane), og sjølvsagt alle medlemmane våre, store og små!

Tilbygget inneheld eit stort klubbrom m/kjøkenkrok, eit WC m/dusj samt lagringsplass for ca 20 kajakkar. Klubbhuset kan no gje skikkeleg lagringsplass for barnekajakkane, og fleire medlemmar kan få plass til sine kajakkar. Vi har også moglegheita til å halde møter og kurs i oppvarma lokale.

Tid og stad: Laurdag 3. september kl 18:00 og utover. Kl 18:30 vert det klipping av snor og offisiell opning.
Mat: Vi bestiller grilltallerken frå Håjen kafè.
Pris kr 100,- (klubben sponser med same beløp. Betal i døra, men helst rett på SKK konto- 3705.04.09490, merk m/namn og Innviingsfest).
Drikke: SKK held vatn/mineralvatn, anna drikke tek du med sjølv.

Diskotek på sementen! Ta på dansesko ? Asbjørn Osland tek musikkanlegget sitt med, så sjansen er stor for ein swing utover kvelden!
Meld doke på så snart som mogleg (før fredag 2. sept kl 12) til: eslettehaug@yahoo.no
Helsing
Styret i Sunnfjord Kajakklubb
v/leiar Øyvind Korsøen

 

Teknikkurs – bli ein betre padlar!

Sunnfjord Kajakklubb inviterer til teknikkurs i havpadling på Bulandet 1. og 2. oktober
På teknikkurset tek me utgangspunkt i teknikken som ligg på grunnkurset. Me vidareutviklar denne teknikken og arbeider vidare med meir avanserte og effektive teknikkar for å padle og manøvrere kajakken effektivt. Det vert også ein god del arbeid med ulike teknikkar for kameratredning og eigenredning, deriblant eskimorulla. Me håpar på litt vind og bølgjer å bryne oss på J.

Kursinnhaldet går fram av padleforbundet sin oversikt som du finn her. Teknikkurset er ein føresetnad for å seinare kunne ta aktivitetsleiarkurs. Sjå padleforbundet for meir info om våttkortstigen.

Pris: Kr 1000,- for medlemmar i SKK; kr 1500,- dersom du ikkje er medlem.

Påmelding
Svar til Eivind (eivind.aadland@hisf.no), eller ring mob 476 23 461 om du har spørsmål.
Det er 10 plassar på kurset – fyrste mann til mølla!
Utstyr kan leigast hjå SKK.

Er noko uklart? Ta kontakt om du har spørsmål av noko slag!

Obs! Me har ikkje sett opp aktivitetsleiarkurs i haust. Gi ein lyd til oss om du er interessert i dette, så ser me an interessa og kan evt setje opp eit kurs i november eller til våren. For å kunne ta aktivitetsleiarkurs må du ha gjennomført grunnkurs og teknikkurs og må ha loggført minimum 10 padleturar.