MEDLEMSMØTE – frå bre til fjord i kajakk – Fredag 13/1

Vi drar året i gang med eit medlemsmøte i det lune og koselege klubbrommet vårt i naustet.

Fredag (13/1) kl 20 får vi besøk av Jon Magne Oppedal som gjorde ein spesiell tur i sommar, frå bre til fjord med kajakk, frå Gaularfjell til Bygstad! Han vil fortelle og vise bilete.

Velkomen!
Ta gjerne med kopp (og noko godt å ete?) 🙂

Øyvind Johan Korsøen sitt bilete.