Bulandet 2022

Foto: via Tine Holvik

Når Bulandet lokker med sol, regn, vind, bølger og rolege farvann – då strøymer det til med entusiastiske padlere frå Røros i øst til Florø i vest.
Underteikna med hjelp frå dei flinke turleiarene vi har i klubben, sørga for ei trygg helg på sjøen.
Jomar og ei håndfull av matkyndige klubbmedlemmer diska opp med gourmetmat i Floren. Med spennande ingredienser frå leder Jomar sin hage (inkl skog og sjø) då blir opplevelsen fullkommen! Vi var 20 heldige som fekk med oss denne fine helga frå fredag til søndag.
Ein kjekk gjeng med godt humør og stor padleglede.

Noter neste år: 22. – 24. sept. Det er bestilt plass på «Liv og Lyst»

Tradisjon tru va vi oppom fyret og testa stolen.