Kajakkskulen 2025
Kajakkskulen 2025
Hei, og velkomen til Kajakkskulen 2025!
Vi satsar på fine dagar med flotte naturopplevingar, læring og mykje moro.
Klubben sender faktura for betaling av kajakkskulen.
Prisen for deltaking er 950 kroner for dei utan medlemskap og 750 kroner for dei med medlemskap i veke 27 og 32. For veke 25–26 er prisen 1100 kroner utan medlemskap og 900 kroner med medlemskap.
NIFs barneidrettsforsikring dekkar born til datoen dei fyller 13 år, så her er nesten alle dekt.

Om nokon ønskjer å melde på fleire, er det framleis ledige plassar desse dagane:
-
Veke 25–26 (21.– 24. juni)
-
Veke 27 (30. juni – 3. juli) (Få plassar)
-
Veke 32 (4. – 7. august)
Dette skal skje:
Vi møtest i naustet til Sunnfjord Kajakklubb klokka 10, og blir kjende med kvarandre og utstyret.
Vi padlar ulike typar kajakk og SUP på Førdefjorden og Jølstra/Løken, og tek lunsjpause ca. klokka 12.
Vêr og vind bestemmer kvar vi padlar – vi har mange fine viker, nes, kaiar og elvar å utforske!
Vi er på land ca. kl. 14.30 og ferdige kl. 15. Alle hjelper til med å rydde og vaske utstyr slik at det er klart til neste dag.

Hugs kvar dag:
-
Ein må bruke eigen våtdrakt og våtsko (det vert mykje bading), og helst ull under.
- Ekstra klesskift uansett vêr (pakkast i vasstette posar), helst ull og ullsokkar – og lue. Det vert ofte kaldare enn ein trur.
- Nistepakke og drikke (gjerne både varm og kald). Nokre dagar fyrer vi bål – ta gjerne med enkel grillmat (pølse, ostesmørbrød).
- Handkle
- Regnjakke og regnbukse i eigen pose
- Solkrem og eventuelle medisinar
Ta gjerne kontakt for påmelding eller om noko er uklart.
Sigurd Husevåg-Lobben
📞 +47 400 80 468
📧 husevaglobben.kajakk@gmail.com
Sigurd Husevåg-Lobben
📞 +47 400 80 468
📧 husevaglobben.kajakk@gmail.com