KLubbtur til Bulandet 2. til 4. oktober

Dette er siste klubbturen i år og vi håpar mange har høve til å vere med. Vi losjerer hos Liv og lyst, dvs hos Liv Turid Gjørøy. Innandørs eller i telt, du bestemmer. Påmeldingsfrist måndag 28. september. I tillegg vert det arrangert aktivitetsleiarkurs.


Vi køyrer fram til garden til Liv Turid og har plassen hennar som base denne helga.

Sjølv om vi er heilt ute i havgapet, består Bulandet/Værlandet vistnok av 365 øyar vi kan padle i le av. Så om du er uvand med padling i slik spektakulær natur, kan du føle deg heilt trygg.
På denne turen blir det berre turar som passar deg.

Her kan du oppleve det meste . . . 
> Storslått natur
> Flotte padleopplevingar
> og du kan og ta deg ein sykkeltur eller spasertur
> Sosialt samvær
> Fisking og dykking om du likar slikt

På land kan du nytte deg av alt Bulandet har å by på . . .
> Som nemnt – den storslåtte naturen….
– nyt den til fots eller på sykkel
> Butikken på kaia
> Tamaparken
> Galleri Havblikk

Sjekk ut heimesider som fortel om det turen kan by på…

”LIV OG LYST” – plassen til Liv Turid

Organiserte opplegg . . .

> Padleturar laurdag og søndag
> Felles middag med havets delikatessar i Floren til Liv Turid

Padleturane blir lagt opp etter ver, vind, ynskje og ferdigheitsnivå. Er du fersk som padlar eller teknikken er litt rusten pga lite padling, er dette den perfekte turen for deg. Naturen er storslått og storhavet ligg der litt lenger ute, men likevel er det skjerma innimellom øyane.

Kompetanse/Ferdigheitsnivå:
Som sagt, denne turen passar for alle. Med alle meiner vi dei som har grunnkurs i havpadling eller tilsvarande. Og har du lite erfaring frå slik padling, er dette turen for deg. Uansett ver, finn vi rolege stadar å padle. Vi legg opp til turar i nærområdet, og der er mange spanande turmål å velje mellom.

PRAKTISK…..

 

LOSJI: 
Liv Turid ynskjer oss velkomne til Gamlestaua til ferdig oppreidde sengar.

Eller du kan overnatte i romsleg SKK-lavvu
eller i eige telt.
Som teltar har du tilgang til toalett og dusj.

Vi vil nytte Floren til måltid og samver elles.
MAT:
Du tar med det du ynskjer sjølv.
Vi har tilgang til fullt kjøkken i Floren.

Men…
Laurdag kveld blir det felles middag i Floren for dei
som ynskjer det – og det vonar vi blir alle.
Årets Grand finale sesongavslutning!!
Og Liv Turid sin mat er vidgjeten!!

Om ikkje denne kvelden – Jokerbutikken ligg elles ikkje langt unna om du skulle vante noko . . .
UTSTYR: 

  • For teltarar: Ta med sovepose og liggeunderlag
  • Du kan leige kajakk/åre/spruttrekk/vest av klubben for kr. 200
  • Tips til pakkinga finn du her.
  • For dei det gjeld:
    Ta gjerne med fiskestang og/eller
    dykkar-/fridykkarutstyr.

PRISAR:
Klubben ynskjer å bidra så det blir uvanleg kjekke kostnadar for dei som er med . . .

  • Overnatting innandørs: kr. 300 (2 døgn)
  • I telt: kr. 100 (2 døgn)
  • Middag laurdag kveld: kr. 200

REISE:

  • Ferjetider:
    Fredag frå Askvoll: kl. 15.20 og 19.15
    Laurdag frå Askvoll: kl. 11.00
    Søndag frå Værlandet: kl. 16.15 og 20.40
  • For dei som skal leige SKK-kajakk:
    Oppmøte ved naustet fredag kl. 17.00
  • Felles avreise frå naustet kl. 17.30 (mange som skal heim att til helga så best å vere tidleg i ferjekøa)

Informasjon og påmelding:

Kontakt Rune….

Telefon/SMS: 99 20 50 90
E-brev: rune.berge@enivest.net

PÅMELDINGSFRIST: Måndag 28. september

Vi gler oss til tur – BLI MED J