Temakveld om Risikovurdering i Havpadling torsdag 25. februar

Sjekklista som Eivind held på å utvikle, er meint å kunne brukast av padlarar på alle nivå, både dei med lite erfaring og dei med mykje erfaring. Alle padlarar på alle nivå er difor hjarteleg velkomne!

Sunnfjord Kajakklubb inviterer til temakveld om Risikovurdering i Havpadling torsdag 25. februar.

Eivind Aadland (som er medlem i SKK, veileder i havpadling og forskar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane) arbeider med ei sjekkliste som har som mål å hjelpe havpadlarar til å gjere betre vurderingar og unngå ulykker. Sjekklista er utvikla med basis i teori om korleis ekspertar gjer risikovurderingar og tek avgjersler, samt kunnskap om ulykker i havpadling og praktisk erfaring. Mange padlarar på ulike nivå har alt bidrege med innspel, men Eivind ynskjer meir informasjon om korleis sjekklista blir oppfatta og forstått hjå potensielle brukarar. Han ynskjer difor  å invitere alle medlemmar i SKK til diskusjon og innspel knytt til dette verktøyet og risikovurdering generelt.

Sjekklista er meint å kunne brukast av padlarar på alle nivå, både dei med lite erfaring og dei med mykje erfaring. Alle padlarar på alle nivå er difor hjarteleg  velkomne!

Stad: Høgskulen i Sogn og Fjordane på Vie (Svanehaugvegen 1)
Tid: torsdag 25. februar,  kl. 20 – 21.30

Det som Eivind her vil presentere og ta opp til drøfting, er svært relevant for alle som driv med padling. Særleg aktuelt er det for dei som kan tenke seg å padle ute ved kysten der risikovurdering er sjølve grunnplanken for trygg padling. Så vi oppmodar så sterkt vi kan om at du er med på å sette dette viktige temaet på dagsorden.

Vel møtt  smiley