Kajakkskulen 2025

Kajakkskulen 2025
Hei, og velkomen til Kajakkskulen 2025!
Vi satsar på fine dagar med flotte naturopplevingar, læring og mykje moro.
Klubben sender faktura for betaling av kajakkskulen.
Prisen for deltaking er 950 kroner for dei utan medlemskap og 750 kroner for dei med medlemskap i veke 27 og 32. For veke 25–26 er prisen 1100 kroner utan medlemskap og 900 kroner med medlemskap.
NIFs barneidrettsforsikring dekkar born til datoen dei fyller 13 år, så her er nesten alle dekt.
Om nokon ønskjer å melde på fleire, er det framleis ledige plassar desse dagane:
  • Veke 25–26             (21.– 24. juni)

  • Veke 27                (30. juni – 3. juli)                 (Få plassar)

  • Veke 32                (4. – 7. august)


Dette skal skje:
Vi møtest i naustet til Sunnfjord Kajakklubb klokka 10, og blir kjende med kvarandre og utstyret.
Vi padlar ulike typar kajakk og SUP på Førdefjorden og Jølstra/Løken, og tek lunsjpause ca. klokka 12.
Vêr og vind bestemmer kvar vi padlar – vi har mange fine viker, nes, kaiar og elvar å utforske!
Vi er på land ca. kl. 14.30 og ferdige kl. 15. Alle hjelper til med å rydde og vaske utstyr slik at det er klart til neste dag.


Hugs kvar dag:
  • Ein må bruke eigen våtdrakt og våtsko (det vert mykje bading), og helst ull under.

  • Ekstra klesskift uansett vêr (pakkast i vasstette posar), helst ull og ullsokkar – og lue. Det vert ofte kaldare enn ein trur.
  • Nistepakke og drikke (gjerne både varm og kald). Nokre dagar fyrer vi bål – ta gjerne med enkel grillmat (pølse, ostesmørbrød).
  • Handkle
  • Regnjakke og regnbukse i eigen pose
  • Solkrem og eventuelle medisinar

Ta gjerne kontakt for påmelding eller om noko er uklart.
Sigurd Husevåg-Lobben
📞 +47 400 80 468
📧 husevaglobben.kajakk@gmail.com

JUBILEUMSHELG 14.-15. juni 2025!

Sunnfjord Kajakklubb blei stifta i år 2000. Sidan då har det vært stor aktivitet på hav,
fjord, innsjø, elv og basseng. Naustet inneheld lagringsplasser for kajakker, møterom,
kjøkken og toalett. Klubben eig 50 kajakkar og framstår i dag som svært aktiv.
Vi inviterer til Sunnfjord Kajakklubb sitt 25 års jubileum ved naustet i Førde
(Flovegen 19 – heilt til endes på vegen).

LØRDAG 14. juni
VELKOMST: Tale ved Lars Petter kl 12.00.
DEMOPADLING kl 12.30 – 14.00
– Bli kjent med kajakk og padling. Grupper for barn og vaksne. Lavterskel for alle
– Liten prat på land (kle, sikkerhet)
– Prøvepadling
Vi tilbyr grønnsakssuppe kl 14.00-16.00
ELVEPADLING, intro ved naustet kl 14.00
KAJAKKPOLO ca. kl 16.00/17.00
AKTIVITETER I OG VED NAUSTET HEILE DAGEN
– Omvisning, sjå på kajakkar og utstyr, prøve ulike kajakkar og informasjon om klubben sitt tilbud.
– Korleis lage eiga grønnlandsåre ved Øyvind. Utstilling og informasjon.

SØNDAG 15. juni
TURLØP frå Naustdal til SKK-naustet i Førde kl 10.30. Påmelding i løpet av lørdag.
Gratis grillmat frå kl 12.30.
JUNIOR TURLØP gjennom Løken kl 13.30.
RULLEKURS kl 13.00/16.00. Påmelding i løpet av lørdag.

Påmelding og spørsmål; post@sunnfjordkajakk.no