Torsdagspadling og bildeframsyning

Torsdag 13. oktober tek vi torsdagspadling og etterpå vert det bildeframsyning frå Bulandsturen. Ver klar til padling kl 18. Bildeframsyninga vert når vi er ferdig å padle, ca kl 20. Kom og sjå dei fantastiske bilda frå klubbturen til Bulandet.

Bulandstur 30.09-02.10

Vi køyrer fram til garden til Liv Turid og har plassen hennar som base denne helga. Turen passar for alle med grunnkurs i havpadling, anten du er ganske fersk eller du er ein røynd padlar. Vi tilpassar turane i høve til kompetanse og vertilhøve.

Vi deler gjerne opp gruppa for ulike turmål viss det er naturleg. Med god støtte i gruppa, vil du oppleve trygg og triveleg padling i det beste vi har av spektakulær natur, som sagt, også om du ikkje har opplevd padling i havgapet før.

Her kan du oppleve det meste…
> Storslått natur
> Flotte padleopplevingar
> og du kan og ta deg ein sykkeltur eller spasertur
> Sosialt samvær
> Fisking og dykking om du likar slikt

På land kan du nytte deg av alt Bulandet har å by på…
> Som nemnt – den storslåtte naturen….
– nyt den til fots eller på sykkel
> Butikken på kaia
> Tamaparken og Galleri Havblikk om dei har ope og du finn tid til det.
Sjekk ut heimesida som fortel om plassen til Liv Turid:

LIV OG LYST – plassen til Liv Turid

Organiserte opplegg…

> Padleturar laurdag og søndag
> Felles middag med havets delikatessar i Floren til Liv Turid
Padleturane blir lagt opp etter ver, vind, ynskje og ferdigheitsnivå. Er du fersk som padlar eller teknikken er litt rusten pga lite padling, er dette den perfekte turen for deg. Naturen er storslått og storhavet ligg der litt lenger ute, men likevel er det skjerma innimellom øyane.
Kompetanse/Ferdigheitsnivå:
Som sagt, denne turen passar for alle. Med alle meiner vi dei som har grunnkurs i havpadling eller tilsvarande. Og har du lite erfaring frå slik padling, er dette turen for deg. Uansett ver, finn vi rolege stadar å padle. Vi legg opp til turar i nærområdet, og der er mange spanande turmål å velje mellom.

PRAKTISK…

LOSJI:
> Høystålet har sengeplass til 2 personar.
> Bualemmen har sengeplass til 4, to i dobbeltseng + 2 på loftrommet.
> Gamlestaua har sengeplass til 7 personar på to soverom + sovealkove.
Dei som vil reservere sengeplass, må ta kontakt om det!
>> Førstemann til mølla…

Dei som ynskjer det, kan ligge på golvet der ein finn ein plass.

Eller du kan overnatte i eige telt eller i bilen.
Alle har tilgang til toalett og dusj.

Vi vil nytte Floren til måltid og samver elles, men laurdag må vi vere ute til kl. 23.00 då Liv Turid skal lage til for selskap på søndag.

MAT:
Du tar med det du ynskjer sjølv.
Vi har tilgang til fullt kjøkken i Floren – til laurdag kl. 23.00
Men…
Laurdag kveld blir det felles middag i Floren for dei
som ynskjer det – og vi vonar det blir alle.
Årets Grand finale sesongavslutning!!
Og Liv Turid sin mat er vidgjeten
Jokerbutikken ligg elles ikkje langt unna om du skulle vante noko.

UTSTYR:
> Dei som har bestilt sengeplass, tar med sengetøy eller du kan leige hos Liv Turid
> Dei som skal ligge på golvet inne, tek med seg liggeunderlag/madrass og sovepose
> Dei som skal ligge utandørs, tek med seg det dei treng.
> Du kan leige kajakk/åre/spruttrekk/vest av klubben for kr. 200
> Tips til pakkinga finn du her.
> For dei det gjeld:
Ta gjerne med fiskestang og/eller dykkar-/fridykkarutstyr.

PRISAR:
Klubben ynskjer å bidra, men på grunn av naustutbygginga, har vi ikkje råd til å ta så mykje av kostnaden som tidlegare år.
prisane blir i år som fylgjer:
> Overnatting innandørs i seng: kr. 400 (2 døgn)
> Sengetøy: kr 80 pr sett
> Overnatting på golvet innandørs: 200 (2 døgn)
> I telt: kr. 150 (2 døgn)
> Middag laurdag kveld: kr. 250
> Leige av SKK-kajakk: kr. 200 (to døgn)

REISE:
For dei som skal leige SKK-kajakk:
Oppmøte ved naustet fredag kl. 17.00
Felles avreise frå naustet kl. 17.30 (mange som skal heim att til helga så best å vere tidleg i ferjekøa)
Vi tek med kajakkhengaren og fyller elles opp bilane slik det høver best.
Ferjetider:
Fredag frå Askvoll: kl. 15.20 og 19.15
Laurdag frå Askvoll: kl. 11.45 (og kl. 07.00)
Søndag frå Værlandet: kl. 16.15 og 20.40

Informasjon og påmelding:
Kontakt Rune….
Telefon/SMS: 99 20 50 90
E-brev: rune.berge@enivest.net

PÅMELDINGSFRIST: Tysdag 27. september
Vi gler oss til tur – BLI MED !

Torsdagspadling- aktivitet med flyktningar

I samarbeid med 4H tek vi med oss ungdommar frå Bergum mottakssenter på padletur. Dette vert eit alternativ til vanleg torsdagspadling.

Er du interessert i å vere med, så møt opp ved naustet kl 18.30.
Her kan du sjå kva Vest- Lofoten Padleklubb har gjort.

SKK vil invitere til Innviingsfest

Laurdag 3. september vil Sunnfjord Kajakklubb markere at klubbhuset vårt på Ytre Øyrane har fått eit flott nytt tilbygg.
Vi inviterer dei som har sett det opp, dei som har bidrege med økonomisk støtte (Førde Kommune og Sparebankstiftinga Sogn&Fjordane), og sjølvsagt alle medlemmane våre, store og små!

Tilbygget inneheld eit stort klubbrom m/kjøkenkrok, eit WC m/dusj samt lagringsplass for ca 20 kajakkar. Klubbhuset kan no gje skikkeleg lagringsplass for barnekajakkane, og fleire medlemmar kan få plass til sine kajakkar. Vi har også moglegheita til å halde møter og kurs i oppvarma lokale.

Tid og stad: Laurdag 3. september kl 18:00 og utover. Kl 18:30 vert det klipping av snor og offisiell opning.
Mat: Vi bestiller grilltallerken frå Håjen kafè.
Pris kr 100,- (klubben sponser med same beløp. Betal i døra, men helst rett på SKK konto- 3705.04.09490, merk m/namn og Innviingsfest).
Drikke: SKK held vatn/mineralvatn, anna drikke tek du med sjølv.

Diskotek på sementen! Ta på dansesko ? Asbjørn Osland tek musikkanlegget sitt med, så sjansen er stor for ein swing utover kvelden!
Meld doke på så snart som mogleg (før fredag 2. sept kl 12) til: eslettehaug@yahoo.no
Helsing
Styret i Sunnfjord Kajakklubb
v/leiar Øyvind Korsøen

 

Teknikkurs – bli ein betre padlar!

Sunnfjord Kajakklubb inviterer til teknikkurs i havpadling på Bulandet 1. og 2. oktober
På teknikkurset tek me utgangspunkt i teknikken som ligg på grunnkurset. Me vidareutviklar denne teknikken og arbeider vidare med meir avanserte og effektive teknikkar for å padle og manøvrere kajakken effektivt. Det vert også ein god del arbeid med ulike teknikkar for kameratredning og eigenredning, deriblant eskimorulla. Me håpar på litt vind og bølgjer å bryne oss på J.

Kursinnhaldet går fram av padleforbundet sin oversikt som du finn her. Teknikkurset er ein føresetnad for å seinare kunne ta aktivitetsleiarkurs. Sjå padleforbundet for meir info om våttkortstigen.

Pris: Kr 1000,- for medlemmar i SKK; kr 1500,- dersom du ikkje er medlem.

Påmelding
Svar til Eivind (eivind.aadland@hisf.no), eller ring mob 476 23 461 om du har spørsmål.
Det er 10 plassar på kurset – fyrste mann til mølla!
Utstyr kan leigast hjå SKK.

Er noko uklart? Ta kontakt om du har spørsmål av noko slag!

Obs! Me har ikkje sett opp aktivitetsleiarkurs i haust. Gi ein lyd til oss om du er interessert i dette, så ser me an interessa og kan evt setje opp eit kurs i november eller til våren. For å kunne ta aktivitetsleiarkurs må du ha gjennomført grunnkurs og teknikkurs og må ha loggført minimum 10 padleturar.

Bli med på dagstur til Laukelandsfossen

Det blir tur til Dalsfjorden og Fossedalen laurdag 2. juli.

OPPLEGG FOR DAGSTUREN

    • Oppmøte ved naustet kl. 8.30 laurdag 2. juli for organisering og samkøyring.
    • Vi køyrer forbi Bygstad til Standnes, der vi startar å padle mot Laukelandsfossen som er eit flott syn. Frå Laukelandsfossen padlar vi vidare til Fossvika.
    • Her tenker vi å gå opp til Nedre Fossedal, noko som tek i underkant av 1 time. Der tek vi lunsj under dei flotte fossefalla, før vi returnerer til kajakkane ved fjorden.
    • I tillegg til padleutstyr og mat, må ein ha med klær og sko for fottur.
  • Påmelding til Else, tlf. 90 53 27 90 innan fredag 1. juli kl. 18.

Video frå turen i fjor, kan du sjå HER

Vel møtt til tur!

Padlingens dag og Friluftsdag på Svidalsneset

Saman med 4H, Jølster Jeger og fiskeforening, Barnas turlag, Jølster Helselag og Orienteringsgruppa i Førde IL inviterar vi til ein felles friluftsdag. I fjor var det over 100 born og unge som prøvde kajakk. Vi treng hjelp til å rettleie nybyrjarane, køsystem og ikkje minst å padle med dei på vatnet. Kan du bidra?- Ta kontakt med Øyvind: post@gokajakk.no


I samarbeid med Norges Padleforbund markerar vi også padlingens dag. Tek du eit blinkskudd og sender inn til Norges Padleforbund kan du vinne ein flott premie.

Oppstart torsdagspadling

No startar vi opp med torsdagspadling.

Torsdagspadlinga startar kl 18. frå naustet. Møt opp i god tid, så du er klar til padling kl 18.
Informasjon om torsdagspadlinga finn du her . I juli har vi ikkje satt opp torsdagspadling.

Teknikkurs havpadling 18. og 19. juni

Hei alle gode padlarar! SKK inviterer til teknikkurs i havpadling 18. og 19. juni i Florø. Kurshaldar vert Eivind Aadland frå Sogndal.

På teknikkurset tek me utgangspunkt i teknikken som ligg på grunnkurset. Me vidareutviklar denne teknikken og arbeider vidare med meir avanserte og effektive teknikkar for å padle og manøvrere kajakken effektivt. Det vert også ein god del arbeid med ulike teknikkar for kameratredning og eigenredning, deriblandt eskimorulla. Me håpar på litt vind og bølgjer å bryne oss på J.

Kursinnhaldet går fram av padleforbundet sin oversikt som du finn her: http://padling.no/kurs-og-utdanning/vaattkort/de-ulike-kursene-i-npf-vaattkort/havpadling/teknikkurs-hav/
Teknikkurset er ein føresetnad for å seinare kunne ta aktivitetsleiarkurs.

Sjå padleforbundet for meir info om våttkortstigen: http://padling.no/kurs-og-utdanning/

Pris
Kr 1000,- for SKK medlem og kr 1500,- for ikkje medlem.

Påmelding
Send epost til Eivind; eivind.aadland@hisf.no. Det er ingen påmeldingsfrist, men det er lurt å vere tidleg ute.

Stad og tid
Utgangspunkt blir ved flyplassen i Florø. Me held på laurdag og søndag (18. ? 19. juni) frå kl

Sakliste til Årsmøtet tysdag 8. mars 2016 kl. 18.30

VELKOMMEN TIL ÅRSMØTE I SUNNFJORD KAJAKKLUBB


Først årsmøte – så klubbkveld!

KOR:  Møtet held stad i møterommet til Førde Bowling.
NÅR:  Tirsdag 8. mars kl 18:30

PROGRAM FOR KVELDEN

►  Årsmøte kl. 18.30   (varer ca ein time)
►  Etterpå – klubbkveld med pizza og bowling
>  Vi ser på litt bilete frå padlinga i fjor medan vi kosar oss med pizza.
(det blir høve til å kjøpe mineralvatn, øl og vin)
>  Etter dette blir det bowling!

SAKLISTE TIL ÅRSMØTET

Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 2. Val av møteleiar
Sak 3. Val av to til å skriva under møteboka saman med møteleiar
Sak 4. Årsmelding
Sak 5. Rekneskap
Sak 6. Budsjett
Sak 7. Innkomne saker
1)  Forslag om å auke medlemskontingenten:
Alternativ 1: Kontingenten blir auka frå 250 kroner i året til 500 kroner.
Denne auken inkluderer treningstid i symjehallen annankvar måndag og laurdag.
Alternativ 2: Kontingenten blir auka frå 250 kroner i året til 300 kroner.
Kontingenten inkluderer det same som før.
2)  Forslag om å auke leige av kajakkplass i naustet frå 300 kroner i halvåret til 500 kroner,
dvs frå 600 kroner pr år til 1000 kr pr år.
Bakgrunn for begge sakene, er at klubben har fått vesentleg auka utgifter i samanheng med utviding av naustet.
Sia satsane har vore relativt låge, og uforandra i fleire år, kan det vere rom for å gjere ein auke.
Sak 8. Arbeidsplan (orienteringssak)
Sak 9. Val

Vel møtt! 

Med helsing
Sunnfjord Kajakklubb

Øyvind Korsøen (leiar)
Rune Berge (kasserar)