KLubbtur til Bulandet 2. til 4. oktober

Dette er siste klubbturen i år og vi håpar mange har høve til å vere med. Vi losjerer hos Liv og lyst, dvs hos Liv Turid Gjørøy. Innandørs eller i telt, du bestemmer. Påmeldingsfrist måndag 28. september. I tillegg vert det arrangert aktivitetsleiarkurs.


Vi køyrer fram til garden til Liv Turid og har plassen hennar som base denne helga.

Sjølv om vi er heilt ute i havgapet, består Bulandet/Værlandet vistnok av 365 øyar vi kan padle i le av. Så om du er uvand med padling i slik spektakulær natur, kan du føle deg heilt trygg.
På denne turen blir det berre turar som passar deg.

Her kan du oppleve det meste . . . 
> Storslått natur
> Flotte padleopplevingar
> og du kan og ta deg ein sykkeltur eller spasertur
> Sosialt samvær
> Fisking og dykking om du likar slikt

På land kan du nytte deg av alt Bulandet har å by på . . .
> Som nemnt – den storslåtte naturen….
– nyt den til fots eller på sykkel
> Butikken på kaia
> Tamaparken
> Galleri Havblikk

Sjekk ut heimesider som fortel om det turen kan by på…

”LIV OG LYST” – plassen til Liv Turid

Organiserte opplegg . . .

> Padleturar laurdag og søndag
> Felles middag med havets delikatessar i Floren til Liv Turid

Padleturane blir lagt opp etter ver, vind, ynskje og ferdigheitsnivå. Er du fersk som padlar eller teknikken er litt rusten pga lite padling, er dette den perfekte turen for deg. Naturen er storslått og storhavet ligg der litt lenger ute, men likevel er det skjerma innimellom øyane.

Kompetanse/Ferdigheitsnivå:
Som sagt, denne turen passar for alle. Med alle meiner vi dei som har grunnkurs i havpadling eller tilsvarande. Og har du lite erfaring frå slik padling, er dette turen for deg. Uansett ver, finn vi rolege stadar å padle. Vi legg opp til turar i nærområdet, og der er mange spanande turmål å velje mellom.

PRAKTISK…..

 

LOSJI: 
Liv Turid ynskjer oss velkomne til Gamlestaua til ferdig oppreidde sengar.

Eller du kan overnatte i romsleg SKK-lavvu
eller i eige telt.
Som teltar har du tilgang til toalett og dusj.

Vi vil nytte Floren til måltid og samver elles.
MAT:
Du tar med det du ynskjer sjølv.
Vi har tilgang til fullt kjøkken i Floren.

Men…
Laurdag kveld blir det felles middag i Floren for dei
som ynskjer det – og det vonar vi blir alle.
Årets Grand finale sesongavslutning!!
Og Liv Turid sin mat er vidgjeten!!

Om ikkje denne kvelden – Jokerbutikken ligg elles ikkje langt unna om du skulle vante noko . . .
UTSTYR: 

  • For teltarar: Ta med sovepose og liggeunderlag
  • Du kan leige kajakk/åre/spruttrekk/vest av klubben for kr. 200
  • Tips til pakkinga finn du her.
  • For dei det gjeld:
    Ta gjerne med fiskestang og/eller
    dykkar-/fridykkarutstyr.

PRISAR:
Klubben ynskjer å bidra så det blir uvanleg kjekke kostnadar for dei som er med . . .

  • Overnatting innandørs: kr. 300 (2 døgn)
  • I telt: kr. 100 (2 døgn)
  • Middag laurdag kveld: kr. 200

REISE:

  • Ferjetider:
    Fredag frå Askvoll: kl. 15.20 og 19.15
    Laurdag frå Askvoll: kl. 11.00
    Søndag frå Værlandet: kl. 16.15 og 20.40
  • For dei som skal leige SKK-kajakk:
    Oppmøte ved naustet fredag kl. 17.00
  • Felles avreise frå naustet kl. 17.30 (mange som skal heim att til helga så best å vere tidleg i ferjekøa)

Informasjon og påmelding:

Kontakt Rune….

Telefon/SMS: 99 20 50 90
E-brev: rune.berge@enivest.net

PÅMELDINGSFRIST: Måndag 28. september

Vi gler oss til tur – BLI MED J

JUNIORTRENINGA

Sunnfjord Kajakklubb startar opp trening på måndag 24. august kl 18. Kom gjerne foreldre også. Gje melding om de kjem. Vi satsar på å trene kvar måndag ein stund framover hausten. Om kontingent: De skal ha fått ein e-post frå Rune Berge (kasserar) i vår, med faktura på kr 200 for medlemskap. Mange har ikkje betalt, gje meg ein lyd om de vil fortsett vere medlem, og om de treng ein ny faktura for å betale. Øyvind

Teknikk-kurs og aktivitetsleiarkurs i havpadling

Kurshaldar vert Eivind Aadland frå SogndaL. Teknikkurs: 12.-13. september i Florø. Aktivitetsleiarkurs: 3.-4. oktober på Bulandet (klubbtur) eller i slutten av oktober/november (kan avtalast seinare).

Klubbtur til Svanøya 21.-23. august

Klubbtur til Svanøya med overnatting i privathus. 21- 23 august. Turen passar for deg som har noko erfaring med padling.

Kompetanse/Ferdigheitsnivå:

For å vere med på turen må du ha grunnkurs i havpadling eller tilsvarande. Vi skal padle frå Flokenes og over til sørsida på Svanøya, så om mykje vind, er det ein fordel at du har ei viss erfaring. Vi legg opp til turar i nærområdet alt etter ver, vind og ferdigheitsnivå.

Reise:

Oppmøte ved naustet fredag kl. 17.00. Vi organiserer oss slik at vi køyrer færrast mogleg bilar. Vi køyrer til Flokenes (ca 45 min). På Flokenes lastar vi opp i kajakkane og padlar over til Kvalstad, Svanøya. Heimreise søndag ettermiddag.

Overnatting:

Overnatting i privathus på Kvalstad, sørsida av Øya. Ta med lakenpose/laken/sovepose. Om du ynskjer å sove i telt, er det moglegheit for det.

Mat:

Alle tek med seg det dei ynskjer av mat, men laurdagen organiserar vi fellesmiddag. Det er butikk på nordsida av øya- du kan padle rundt eller spasere (5 km).

Utstyr:

  • Ta med sengesett/lakenpose/sovepose, telt om du ynskjer å overnatte ute.
  • Du kan leige kajakk/åre/spruttrekk/vest av klubben for: kr. 200,- (første til mølla)
  • Tips til pakkinga finn du her: http://sunnfjordkajakk.org/index.php?visside=15
  • Ta gjerne med fiskestang/og eller fridykkarutstyr. Flotte forhold for dykking på Svanøya!

Påmelding:

til Randi på e-post: randierdal@hotmail.com eller på tlf: 47642589

helst innan onsdag 19.august.

Hugs, å gje melding om du:

  • ynskjer å leige kajakk
  • ynskjer overnatting
  • køyrer og har høve til å transportere kajakk
  • har matallergi

Med atterhald om dårleg vêr; då kan turen bli avlyst

Teknikkurs 20. og 21. juni

 

For deg som vil lere meir om kantsving, sculling, redning, sleping, eskimorulle med meir.

Eivind Aadland frå Haugalandet/Sogndal er instruktør. Han har lang erfaring og heile kurstigen på våtkortet.

Kurset vert truleg i ytre Sunnfjord, mest sannsynleg i Florø-området.

Slike kurs kostar normalt ca kr 2500,- omkring i landet, men SKK vil sponse hovuddelen slik at du betalar berre kr 500,-

Dersom du er interessert, meld deg på til Eivind (eivind.Aadland@hisf.no) med kopi til Øyvind (oyvind.johan.korsoen@imr.no)

Bindande påmelding. 500 kr betalast inn til SKK- sin konto før kursstart, merk med namn og teknikkurs.

Plassbegrensing på 10 stk. Pr. 01.06.15 er det 4 ledige plassar.

Padlingens dag søndag 31. mai kl 11-14

Dette er en nasjonal dag for kajakkpadling over hele landet (se http://www.padling.no/padlingens-dag/) Sunnfjord KK sine medlemmer vil være med å hjelpe de som ønsker og prøve en kajakk. Klubben stiller med familiekajakker, havkajakk og flatvannskajakk på Svidalsneset i Jølstravatnet.

Det blir mulig for gratis padling, en lavterskelaktivitet der barn og voksne kan padle på egen hånd med klubbens medlemmer som sikkerhet. Det er også muligheter for en lengre runde for de med litt padleerfaring.

Oppvisning i egenredning, kameratredning og eskimoruller: Klubbens medlemmer vil vise fram diverse redningsteknikker i kajakk og det blir også mulighet for andre å prøve seg.

Tur på lørdagen: Det arrangeres også ekspedisjon Jølstravatn, en padletur fra Kjøsnesfjorden til Svidalsneset der vi overnatter på Svidalsneset og er med på Friluftslivets dag med DNT og 4H på søndagen (mer info på www.gokajakk.no).

4H, Jølster jeger og fiskeforening, Barnas turlag, Sunnfjord kajakklubb og orienteringsgruppa i Førde il inviterer til ein felles friluftsdag med mange kjekke aktivitetar.

Alle aktivitetane er gratis, ingen påmelding. Ver med på det du vil, når du vil.

Kort om aktivitetane:

Tips og rettleiing til fiske – Jeger og fiskeforeninga. Ta med fiskestang om du har.

Rakettløype – Orienteringsgruppa

Ulike aktivitetar; volleyball, hesteskokasting, lag smoohtie med sykkel, tennis-hes – 4H

Enkel mat på bål – barnas turlag og 4H

Kanopadling – prøv dei nye kanoane til Barnas turlag Jølster

Natursti – Barnas turlag

Kajakkpadling for både store og små (familiekajakk, havkajakk, flatvannskajakk)- under rettleiing av kajakklubben

Oppvisning i eigenredning, kameratredning og eskimorulle – kajakklubben

Ta med sitjeunderlag, mat og drikke.

Alle er velkomne!

Torsdagspadlinga 2015

No har vi starta opp att med torsdagspadlinga. Les meir her: http://sunnfjordkajakk.org/index.php?visside=29 Hugs å vere klar til padling kl 18.00.

BLI MED PÅ FAR-STILT-PARADE

Sunnfjord Kajakklubb og Go’Kajakk oppfordrar alle som kan padle, ro eller segle til å vere med den 1. mai på ein FarStilt-parade på Førdefjorden. Vi vil vere i harmoni med naturen, difor fer vi i stille protest mot sjødeponi i Førdefjorden. Om du kan padle, men ikkje eig kajakk- kontakt Øyvind J. Korsøen. Ein kan koble seg på eller av paraden når det måtte passe. Om du ikkje kan padle, men har lyst til å delta likevel, kan du overnatte ute i naturen saman med padlarane. Det vert leirbål på stranda, og når songen stilnar, søv vi i telt. Neste morgon padlast det til Vevring, og her er småbåtar og andre velkomne til å eskortere padlarane.

Vi oppmodar folk til å tenne vardebål langs heile Førdefjorden d…enne ettermiddagen (hugs å varsle brannvesenet).

Program
Fredag 1. mai:
kl 11:30: Utefrukost (for dei som har tid)
kl 12:00: Oppmøte på Festplassen i Førde Sentrum
kl 13:00 Appell på Rådhusplassen v/Anne-Line Thingnes Førsund m.fl.
ca kl 14:00 Start frå Rådhuskaia, vi padlar ut fjorden, overnattar i telt på Helle. Dei som vil køyre til Helle, kan gjere det.

Laurdag 2. mai
Ca kl 10:00 Padlar til Vevring
kl 12:00 Framkomst Vevring
kl 13:00 Appell på skuleplassen
ca kl 14:00 retur til Førde. Treng du hjelp til transport, ta kontakt.

Grunnkurs HAV

Her er datoer for når du eller venner/kjente kan ta Grunnkurs Hav før sommaren…

Varighet ca 16 timer fordelt på 4 økter:
Kurs Datoer
1 28.mar 07.apr 08.apr 14.apr
2 11.apr 15.apr 21.apr 22.apr
3 28.apr 29.apr 05.mai 06.mai
4 12.mai 13.mai 19.mai 20.mai
5 26.mai 27.mai 02.jun 03.jun
6 09.jun 10.jun 16.jun 17.jun
Stad: Sunnfjord Kajakkklubb sitt naust v/Øyrane kl 17:00-21:00,
kurs 1 og 2: første økt i basseng (Førdehuset kl 15:00-18:30)
Dato kan tilpassast, gjerne dagtid for grupper/familier
Pris: kr 2500/2000 (medlemmer i Sunnfjord Kajakklubb)
Påmelding og info andre kurs og ekspedisjonar/blåtur;

Årsmøte og årsfest på Førde Camping 27. februar

Årsmøtet startar kl. 19.00 og varar ca. 1. time. Etterpå vert det servering av tapas, lysbildeframvisning frå ein Grønlandsekspedisjon v/ Ann Loahn og Øystein og frå kajakkbyggekurs v/ Øyvind. Påmelding innan 20.februar. til Brit Siv: brit_siv@hotmail.com, tlf: 91 86 80 39. Prisen er på 200 kr. Vi stiller med saft, brus etc. Har du lyst på anna drikke, tek du det med sjølv. Sakspapira til årsmøtet vert lagt ut under dokumenter ca 1 veke før årsmøtet, sjå link: http://sunnfjordkajakk.org/index.php?side=0409arkiv