Teknikkurs – bli ein betre padlar!

Sunnfjord Kajakklubb inviterer til teknikkurs i havpadling på Bulandet 1. og 2. oktober
På teknikkurset tek me utgangspunkt i teknikken som ligg på grunnkurset. Me vidareutviklar denne teknikken og arbeider vidare med meir avanserte og effektive teknikkar for å padle og manøvrere kajakken effektivt. Det vert også ein god del arbeid med ulike teknikkar for kameratredning og eigenredning, deriblant eskimorulla. Me håpar på litt vind og bølgjer å bryne oss på J.

Kursinnhaldet går fram av padleforbundet sin oversikt som du finn her. Teknikkurset er ein føresetnad for å seinare kunne ta aktivitetsleiarkurs. Sjå padleforbundet for meir info om våttkortstigen.

Pris: Kr 1000,- for medlemmar i SKK; kr 1500,- dersom du ikkje er medlem.

Påmelding
Svar til Eivind (eivind.aadland@hisf.no), eller ring mob 476 23 461 om du har spørsmål.
Det er 10 plassar på kurset – fyrste mann til mølla!
Utstyr kan leigast hjå SKK.

Er noko uklart? Ta kontakt om du har spørsmål av noko slag!

Obs! Me har ikkje sett opp aktivitetsleiarkurs i haust. Gi ein lyd til oss om du er interessert i dette, så ser me an interessa og kan evt setje opp eit kurs i november eller til våren. For å kunne ta aktivitetsleiarkurs må du ha gjennomført grunnkurs og teknikkurs og må ha loggført minimum 10 padleturar.

Bli med på dagstur til Laukelandsfossen

Det blir tur til Dalsfjorden og Fossedalen laurdag 2. juli.

OPPLEGG FOR DAGSTUREN

    • Oppmøte ved naustet kl. 8.30 laurdag 2. juli for organisering og samkøyring.
    • Vi køyrer forbi Bygstad til Standnes, der vi startar å padle mot Laukelandsfossen som er eit flott syn. Frå Laukelandsfossen padlar vi vidare til Fossvika.
    • Her tenker vi å gå opp til Nedre Fossedal, noko som tek i underkant av 1 time. Der tek vi lunsj under dei flotte fossefalla, før vi returnerer til kajakkane ved fjorden.
    • I tillegg til padleutstyr og mat, må ein ha med klær og sko for fottur.
  • Påmelding til Else, tlf. 90 53 27 90 innan fredag 1. juli kl. 18.

Video frå turen i fjor, kan du sjå HER

Vel møtt til tur!

Padlingens dag og Friluftsdag på Svidalsneset

Saman med 4H, Jølster Jeger og fiskeforening, Barnas turlag, Jølster Helselag og Orienteringsgruppa i Førde IL inviterar vi til ein felles friluftsdag. I fjor var det over 100 born og unge som prøvde kajakk. Vi treng hjelp til å rettleie nybyrjarane, køsystem og ikkje minst å padle med dei på vatnet. Kan du bidra?- Ta kontakt med Øyvind: post@gokajakk.no


I samarbeid med Norges Padleforbund markerar vi også padlingens dag. Tek du eit blinkskudd og sender inn til Norges Padleforbund kan du vinne ein flott premie.

Oppstart torsdagspadling

No startar vi opp med torsdagspadling.

Torsdagspadlinga startar kl 18. frå naustet. Møt opp i god tid, så du er klar til padling kl 18.
Informasjon om torsdagspadlinga finn du her . I juli har vi ikkje satt opp torsdagspadling.

Teknikkurs havpadling 18. og 19. juni

Hei alle gode padlarar! SKK inviterer til teknikkurs i havpadling 18. og 19. juni i Florø. Kurshaldar vert Eivind Aadland frå Sogndal.

På teknikkurset tek me utgangspunkt i teknikken som ligg på grunnkurset. Me vidareutviklar denne teknikken og arbeider vidare med meir avanserte og effektive teknikkar for å padle og manøvrere kajakken effektivt. Det vert også ein god del arbeid med ulike teknikkar for kameratredning og eigenredning, deriblandt eskimorulla. Me håpar på litt vind og bølgjer å bryne oss på J.

Kursinnhaldet går fram av padleforbundet sin oversikt som du finn her: http://padling.no/kurs-og-utdanning/vaattkort/de-ulike-kursene-i-npf-vaattkort/havpadling/teknikkurs-hav/
Teknikkurset er ein føresetnad for å seinare kunne ta aktivitetsleiarkurs.

Sjå padleforbundet for meir info om våttkortstigen: http://padling.no/kurs-og-utdanning/

Pris
Kr 1000,- for SKK medlem og kr 1500,- for ikkje medlem.

Påmelding
Send epost til Eivind; eivind.aadland@hisf.no. Det er ingen påmeldingsfrist, men det er lurt å vere tidleg ute.

Stad og tid
Utgangspunkt blir ved flyplassen i Florø. Me held på laurdag og søndag (18. ? 19. juni) frå kl

Sakliste til Årsmøtet tysdag 8. mars 2016 kl. 18.30

VELKOMMEN TIL ÅRSMØTE I SUNNFJORD KAJAKKLUBB


Først årsmøte – så klubbkveld!

KOR:  Møtet held stad i møterommet til Førde Bowling.
NÅR:  Tirsdag 8. mars kl 18:30

PROGRAM FOR KVELDEN

►  Årsmøte kl. 18.30   (varer ca ein time)
►  Etterpå – klubbkveld med pizza og bowling
>  Vi ser på litt bilete frå padlinga i fjor medan vi kosar oss med pizza.
(det blir høve til å kjøpe mineralvatn, øl og vin)
>  Etter dette blir det bowling!

SAKLISTE TIL ÅRSMØTET

Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 2. Val av møteleiar
Sak 3. Val av to til å skriva under møteboka saman med møteleiar
Sak 4. Årsmelding
Sak 5. Rekneskap
Sak 6. Budsjett
Sak 7. Innkomne saker
1)  Forslag om å auke medlemskontingenten:
Alternativ 1: Kontingenten blir auka frå 250 kroner i året til 500 kroner.
Denne auken inkluderer treningstid i symjehallen annankvar måndag og laurdag.
Alternativ 2: Kontingenten blir auka frå 250 kroner i året til 300 kroner.
Kontingenten inkluderer det same som før.
2)  Forslag om å auke leige av kajakkplass i naustet frå 300 kroner i halvåret til 500 kroner,
dvs frå 600 kroner pr år til 1000 kr pr år.
Bakgrunn for begge sakene, er at klubben har fått vesentleg auka utgifter i samanheng med utviding av naustet.
Sia satsane har vore relativt låge, og uforandra i fleire år, kan det vere rom for å gjere ein auke.
Sak 8. Arbeidsplan (orienteringssak)
Sak 9. Val

Vel møtt! 

Med helsing
Sunnfjord Kajakklubb

Øyvind Korsøen (leiar)
Rune Berge (kasserar)

Temakveld om Risikovurdering i Havpadling torsdag 25. februar

Sjekklista som Eivind held på å utvikle, er meint å kunne brukast av padlarar på alle nivå, både dei med lite erfaring og dei med mykje erfaring. Alle padlarar på alle nivå er difor hjarteleg velkomne!

Sunnfjord Kajakklubb inviterer til temakveld om Risikovurdering i Havpadling torsdag 25. februar.

Eivind Aadland (som er medlem i SKK, veileder i havpadling og forskar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane) arbeider med ei sjekkliste som har som mål å hjelpe havpadlarar til å gjere betre vurderingar og unngå ulykker. Sjekklista er utvikla med basis i teori om korleis ekspertar gjer risikovurderingar og tek avgjersler, samt kunnskap om ulykker i havpadling og praktisk erfaring. Mange padlarar på ulike nivå har alt bidrege med innspel, men Eivind ynskjer meir informasjon om korleis sjekklista blir oppfatta og forstått hjå potensielle brukarar. Han ynskjer difor  å invitere alle medlemmar i SKK til diskusjon og innspel knytt til dette verktøyet og risikovurdering generelt.

Sjekklista er meint å kunne brukast av padlarar på alle nivå, både dei med lite erfaring og dei med mykje erfaring. Alle padlarar på alle nivå er difor hjarteleg  velkomne!

Stad: Høgskulen i Sogn og Fjordane på Vie (Svanehaugvegen 1)
Tid: torsdag 25. februar,  kl. 20 – 21.30

Det som Eivind her vil presentere og ta opp til drøfting, er svært relevant for alle som driv med padling. Særleg aktuelt er det for dei som kan tenke seg å padle ute ved kysten der risikovurdering er sjølve grunnplanken for trygg padling. Så vi oppmodar så sterkt vi kan om at du er med på å sette dette viktige temaet på dagsorden.

Vel møtt  smiley

ESKIMORULLEHELG 23. OG 24. JANUAR

Jon David Jennssen er norgesmeister i eskimorulle. Han vil demonstrere (30 variantar) og instruere eskimorulle i symjehallen laurdagen.

Norgesmeister i eskimorulle, Jon David Jenssen frå Hemnes i Akershus, kjem på besøk til oss laurdag og søndag 23. og 24. januar.  Han vil demonstrere over 30 ulike metodar for rulle, og han brukar ein ekte grønlandskajakk av trelister og seglduk.

Vi byrjar i bassenget i Førdehuset kl 15:30 på laurdag 23/1, og held på der til kl 18. Folk kan bruke dei 12 polokajakkane som er lagra der, eller ta med kajakk frå naustet/eigen.

Deretter flyttar vi oss ned til naustet, der Jon David vil vise ein teknikk for tørrtrening på land (tauøvingar).

Dei det passar for, kan bli med til Rune i kveldinga. Der samlast vi for å kose oss med pizza, sjå teknikkvideoar og pratast.

På søndag brukar vi fjorden, og møter i tørrdrakt kl 10 i naustet der vi held på nokre timar.

Vel møtt!

Send gjerne ei melding om du kjem smiley.

Her ser du Jon David i aksjon…

Tider i bassenget – måndag og laurdag

SKK disponerer bassenget i Førdehuset kvar 2. laurdag kl 16-18.

Datoane er som fylger
14/11, 28/11, 12/12, 9/1, 23/1, 6/2, 20/2, 5/3, 19/3, 2/4, 16/4, 30/4

Bruk av bassenget desse laurdagane er på eige ansvar, og born må ha fylgje av vaksne.

Måndagar er det trening for juniorar kl 20-21, kvar partallsveke, og for vaksne (og dei eldste juniorane) kvar oddetallsveke.

ENDELEG – BASSENG

Bassenget i Førdehuset er til SKK sin disp i morgon laurdag 17/10, kl 16-18. Ta med heile familien og kom. Det blir ingen opplegg, berre leik og moro. 12 polokajakkar er klar til bruk (i kjellaren på Førdehuset). Ein fam betaler kun kr 50 (skriv deg på lista vi legg fram). På mandag 19/10 er bassenget for vaksne (kl 20-21).