Torsdagspadlinga 2015

No har vi starta opp att med torsdagspadlinga. Les meir her: http://sunnfjordkajakk.org/index.php?visside=29 Hugs å vere klar til padling kl 18.00.

BLI MED PÅ FAR-STILT-PARADE

Sunnfjord Kajakklubb og Go’Kajakk oppfordrar alle som kan padle, ro eller segle til å vere med den 1. mai på ein FarStilt-parade på Førdefjorden. Vi vil vere i harmoni med naturen, difor fer vi i stille protest mot sjødeponi i Førdefjorden. Om du kan padle, men ikkje eig kajakk- kontakt Øyvind J. Korsøen. Ein kan koble seg på eller av paraden når det måtte passe. Om du ikkje kan padle, men har lyst til å delta likevel, kan du overnatte ute i naturen saman med padlarane. Det vert leirbål på stranda, og når songen stilnar, søv vi i telt. Neste morgon padlast det til Vevring, og her er småbåtar og andre velkomne til å eskortere padlarane.

Vi oppmodar folk til å tenne vardebål langs heile Førdefjorden d…enne ettermiddagen (hugs å varsle brannvesenet).

Program
Fredag 1. mai:
kl 11:30: Utefrukost (for dei som har tid)
kl 12:00: Oppmøte på Festplassen i Førde Sentrum
kl 13:00 Appell på Rådhusplassen v/Anne-Line Thingnes Førsund m.fl.
ca kl 14:00 Start frå Rådhuskaia, vi padlar ut fjorden, overnattar i telt på Helle. Dei som vil køyre til Helle, kan gjere det.

Laurdag 2. mai
Ca kl 10:00 Padlar til Vevring
kl 12:00 Framkomst Vevring
kl 13:00 Appell på skuleplassen
ca kl 14:00 retur til Førde. Treng du hjelp til transport, ta kontakt.

Grunnkurs HAV

Her er datoer for når du eller venner/kjente kan ta Grunnkurs Hav før sommaren…

Varighet ca 16 timer fordelt på 4 økter:
Kurs Datoer
1 28.mar 07.apr 08.apr 14.apr
2 11.apr 15.apr 21.apr 22.apr
3 28.apr 29.apr 05.mai 06.mai
4 12.mai 13.mai 19.mai 20.mai
5 26.mai 27.mai 02.jun 03.jun
6 09.jun 10.jun 16.jun 17.jun
Stad: Sunnfjord Kajakkklubb sitt naust v/Øyrane kl 17:00-21:00,
kurs 1 og 2: første økt i basseng (Førdehuset kl 15:00-18:30)
Dato kan tilpassast, gjerne dagtid for grupper/familier
Pris: kr 2500/2000 (medlemmer i Sunnfjord Kajakklubb)
Påmelding og info andre kurs og ekspedisjonar/blåtur;

Årsmøte og årsfest på Førde Camping 27. februar

Årsmøtet startar kl. 19.00 og varar ca. 1. time. Etterpå vert det servering av tapas, lysbildeframvisning frå ein Grønlandsekspedisjon v/ Ann Loahn og Øystein og frå kajakkbyggekurs v/ Øyvind. Påmelding innan 20.februar. til Brit Siv: brit_siv@hotmail.com, tlf: 91 86 80 39. Prisen er på 200 kr. Vi stiller med saft, brus etc. Har du lyst på anna drikke, tek du det med sjølv. Sakspapira til årsmøtet vert lagt ut under dokumenter ca 1 veke før årsmøtet, sjå link: http://sunnfjordkajakk.org/index.php?side=0409arkiv

Informasjon trening i symjehallen

Nytt i år er at vi har fått tid i bassenget annan kvar laurdag i tillegg til måndagar. Vi har også fått ordna det slik at polokajakkane er plassert på Førdehuset, så for dei som vil bruke polokajakk til trening, så slepper du å hente kajakk i naustet. Pris for trening i svømmehallen er 50 kr /gang (inntil 6 ganger, då vert det gratis). Du registrerar deg på ei liste kvar gong.

Det er 10 polokajakkar i Førdehuset, i tilllegg er det vestar (5 junior og 5 senior)+ poloårer. Lista som du skal registrere deg på ligg i skåpet der kajakkane er plassert.

Tidene er fordelt mellom junior og senior.

Vellukka polo-kurs

God reklame for klubben når padleforbundet rapporterer aktiviteten vår 🙂